Velg regionen som passer best for din plassering eller dine preferanser.
Denne innstillingen kontrollerer språket for brukergrensesnittet, inkludert knapper, menyer og all tekst på nettstedet. Velg ditt foretrukne språk for best brukeropplevelse.
Velg språkene for stillingsannonser du vil se. Denne innstillingen bestemmer hvilke stillingsannonser som vises for deg.
Høgskolen i Ålesund har om lag 2000 studentar og 200 tilsette. Høgskolen er eit sentralt kompetansemiljø i regionen og held til 4 km fra Ålesund sentrum. Høgskolen består av fem fagavdelingar med eit breitt spekter av utdanningar på bachelor- og masternivå, i tillegg til vidareutdanningar og kurs.
Fagavdelingane ved Høgskolen i Ålesund:
Høgskolen har ei viktig rolle som leverandør av kompetanse i regionen, og mange utdanningar har eit nært samarbeid med næringslivet. Utdanningane skal bidra til å dekke behovet for fagfolk med høgare utdanning i eigen region og nasjonalt. Høgskolen legg vinn på å utvikle seg i takt med behov i samfunnet og å møte behov for innovasjon og nyskaping. Høgskolen i Ålesund skal vere mellom dei fremste i landet på sine fagområde. Sjå utdanningstilbodet.
Ålesund er ein by med ca. 40.000 innbyggarar, og ligg vakkert plassert mellom fjord og fjell i nærleik til fleire av Noregs mest kjende natur- og kulturattraksjonar. Byen og regionen har eit rikt og variert næringsliv, som pregast av ei utstrekt og globalt retta eksportverksemd, særleg innanfor områda fisk, skipsbygging og møbelproduksjon. Ålesund pregast også av den unike jugendarkitekturen som kjenneteiknar byens sentrum. Meir informasjon om Ålesund og regionen finn du på www.visitalesund.com.